Helgetur eller planlegging av sommerferien?

Sommar på Askrova

Askrova har mykje og by på, og det er ikkje utan grunn at Øya blir kalt den grøne Smaragd. Det er utrolig lett å komme seg til Askrova. Rutebåtar går kontinuerlig til og frå Florø og Askrova, og en kan lett ta seg en helgetur, ettermiddagstur eller dagstur ut hit. Ved butikken har vi gjestehavn som er plass til 12 større båtar, der er straum og vatn inkl i døgnleige. Ved gjestehavna er der også butikk, denne er gode opningstider, men skulle du oppleve at den er stengt; Kontakt Magne - 97141779 og han åpner for deg :) . I umiddelbar nærhert ligg leikeplassen, masse forskjellig utstyr og leiker for barn, leikehytte, gapahuk og grillplass! Perfekt for å ta middagen sin der når barna leiker.

Kjem ein på besøk til Askrova kan ein leige både Kajakk(2stk) og Sykklar (4stk), slik at ein enkelt kan ta seg rundt på Øya. Syklar du til endes kjem ein til Vakre Valvik, kor det ligg ei fin sandstand som er perfekt for både store og små, eventuelt du syklar til Hammarseth som ligg fint vendt mot nord! Her finn du enorme mengder ramslauk om du ønsker matauk på din tur. Er det ikkje strand som fristar men fjell, er det en gåtur på rundt ein time for å komme til Draumeplassen på Askrova frå Vallestad. Går du frå støylen og opp brukar du 25min – i bratt terreng. Her ligg Ørnereiret kor ein kan grille pølser og låne forskningsutstyr til barna, Ørnereiret er også utrusta for enkel overnatting for 4stk, kikkert, førstehjelpsutstyr og Solcelle panel, lys, radio og batterilading for smart utstyr. Ved Ørnereiret er det også laga ein utedo som står ferdig i slutten av JUNI.  I tillegg er det utlån av 4 fiskestenger, for å kunne ta seg ein fisketur i Hammarsetvatnet rett nedafor draumeplassen, eller Valvikvatnet om en ønsker en litt lenger gåtur. For å optimalisere panoramautsikten kan ein bevege seg til skaratoppens som er Askrovas høgaste punkt på 219moh. Og ser ein ekstra godt etter kan ein kanskje sjå Shetlandderfra? For å gjere turen ekstra spennande kan ein laste ned appen geocaching – som er kanskje «verdens største skattejakt». Ørnereiret og Øykjeskjærsholten er dessutan med i Trimpoeng til Florø Turlag, så her er letttjente poeng J

Skulle det være ein styggvær dag kan ein låne Grendehuset, kode til døra får ein av Bygdelaget. Grendehuset har klatrevegg med klatreseler for barn og voksne, fotball, innebandy, badmington og for dei ekstra sporty fins der ulike vekter til styrketrening. Bygdelaget har lenge jobbar for at grendehuset skal være folkets hus, så vi blir utrulig glade viss folk vil bruke det! Det er også kokemuligheter i grendahusetom du trenger dette.  

På Askrova har vi noko utrolig spannande; Trollhola! Dette er ei underjordisk hole som en kryp inn i. Der åpner seg en stor katedral når en kjem inn og en finn gamle leirplasser inne og utvending langs grotta. Inne i grotta kan en følge ganger gjennom fjellet og inn i andre små rom. Veldig kjekk utforskningstur, en treng lommelykt og gode sko inne i grotta.

Askrova Bygdelag har to arrangement planlagt i sommar2021. Først gjentar vi suksessen frå i fjor, med familiedag på fjellet. Dette er eit gratis lavterskel tilbod for barn og unge, med mat, konkurranser, fiske, leik og teater. Vi gledar oss. 

Vi har også ein årlig konsert ved ein plass vi kallar "under hillaren". Dette er en konsert som føregår ute, under eit fjelloverheng. Vi sammarbeider godt med Folkeakademiet Sogn og Fjordane og Svanøy Folkeakademi for endelig plan her :) 

Kontaktpersoner på Askrova;

Bygdelagsleiar – Siri Sunde 41635947

Butikk – Magne Svardahl 97141779

Alt mulig potet – Terje Svardahl 96627989