Hvis du ikkje har høve til å røyste på valdagen 13. september, kan du førehandsrøyste i den kommunen i landet som høver best for deg.
Vi oppmodar om at du nyttar deg av førehandsrøysteperioden, slik at det ikkje blir for store folkemassar på valdagen 13. september.
Røysting på informasjon og service
Førehandsrøystinga i Kinn kommune går føre seg i opningstida 9.00 - 15.00, frå 10. august til 10. september, på:
Informasjon og service i Florø, Markegata 51 (tenestetorget)
Informasjon og service i Måløy, Måløy rådhus, Gate 1 (servicetorget)
Hugs legitimasjon med bilde!
Utvida moglegheit for førehandsrøysting
Følg oss på dato har vi utvidelse av tidningen for førehandsrøysting på Informasjon og service i Florø og Måløy
Torsdag 2. september 9.00 - 18.00
Kjøpesenter
Laurdag 4. september kan du røyste ved kjøpesenter i Florø og Måløy, mellom kl. 11.00 - 15.00.
AMFI i Florø
Måløy Stormarked
Måløy Brygge
Røystebåt
I veke 35, torsdag 2. september, kjem røystebåten til øyane i Florø. Ruta ser slik ut (med atterhald om endringar):
Årebrot kai: 09.00 - 10.00
Barekstad: 10.15 - 11.15
Batalden: 11.30 - 12.30
Skorpa: 12.45 - 13.45
Rognaldsvåg: 14.00 - 15.00
Askrova: 15.15 - 16.15
Svanøy: 16.30 - 17.30
Ta med legitimasjon med bilde!