Snorklipping, blautkake å fastlandsbesøk! Vi skal åpne "Nye" Butikken :)

Torsdag 23.06 kl 1200 innvitera handelsministeren på Askrova til snorklipping, blautkake og kaffi når “Nye” sjølvbetjente butikken skal offisielt åpne.

Har du lyst å treffe nokon engasjerte og distriktsvennelige politikare er dette dagen å møte opp :)

Dette er ei kjempegod utvikling av butikken der den blir meir tilgjengelig for alle. Flott og god prioritering forvidare drift, noko som gjere trygge fastbuande og turister som sleppe å tenke på at pensjonsalderen nerma seg!

Butikken er betjent i heile åpningstida enten fysisk eller digitalt. Dersom du kjem til låst dør i åpningstida låser du opp med bankort og pin.

Treng du hjelp inne i butikken kontaktar du oss via hjepetast på skjerm, eller via brytar over skjerm.

Når du er ferdig låser du opp med å scanne kvittering ved døra. Du kan bestille varer for utkøyring via mail eller telefon som før.

Håpar vi sjåast torsdag, det er nok kake til alle! :)