Linnea Dale til Hillaren, Askrova 16.07

Vi har vert som ein sprekkeferdig ballong i lang tid - I år har Askrova Bygdelag og Svanøy Folkeakademi den store gleda av å presentere Linnea Dale i Hillaren ova i grendahuset på Askrova. Linnea kommer rett fra Allsang på grensen til Hillaren ved Askrova, vår kulturscene begynner å få eit godt renome :)

Linnea Dale vart som 16-åring kjend for det norske folk som finaledeltakar i den tredje
sesongen av Idol. Etter deltakelsen vart Dale invitert med som gjestevokalist i Donkeyboy
og er for mange kjent som stemma bak hitsinglene «Ambitions» og «Sometimes».
Begge singlane nådde toppen av VG-lista i 2009 og var to av de mest spelte låtane på norsk radio.
"Ambitions" vart spelemannnominert til Årets hit og Årets video.

I 2014 deltok Linnea i den norske finalen av Melodi Grand Prix med singelen «High Hopes» som kom på 2. plass.
Linnea var også med i 2020-sesongen av «Hver gang vi møtes».

Ved Hillaren på Askrova kjem Linnea Dale i duoformat der ho har med seg Sigurd Thomassen
på gitar og vokal.

Askrova fredag 16.juli kl. 18.00
Billett kr 175,-
Det ligg ute foreløpig maks 50 billettar, så vær rask!

https://svanoyfolkeakademi.ticketco.events/no/nb/m/e/linnea_dale_paa_askrova
Konserten er tilpassa båtruter til og frå Florø.

Bygdelaget held ved/kol om nokon vil grille etter konserten. Ta med det du vil av drikke. Etterfesten tar vi ved hillaren med lott å løye :)

Askrova Bygdelag lyt rette ei stor takk til Folkeakademiet Sogn og Fjordane, Amedia ved #Firdaposten og alle gode dugnadskrefter i lokalsammfunnet for god hjelp med arrangementet.
Spesiell takk til familien Espeseth for utlån av utstyr og lokasjon.

Restriksjoner

Hugs reglar om smittevern! 
- vi må halde 1 m avstand mellom personar som ikkje bur i same husstand. 
- om du er sjuk lyt vi be deg om å halde deg heime.

Ansvarsfraskrivelse

Billettar vert kun refundert ved kansellert arrangement.

Helgetur eller planlegging av sommerferien?

Sommar på Askrova

Askrova har mykje og by på, og det er ikkje utan grunn at Øya blir kalt den grøne Smaragd. Det er utrolig lett å komme seg til Askrova. Rutebåtar går kontinuerlig til og frå Florø og Askrova, og en kan lett ta seg en helgetur, ettermiddagstur eller dagstur ut hit. Ved butikken har vi gjestehavn som er plass til 12 større båtar, der er straum og vatn inkl i døgnleige. Ved gjestehavna er der også butikk, denne er gode opningstider, men skulle du oppleve at den er stengt; Kontakt Magne - 97141779 og han åpner for deg :) . I umiddelbar nærhert ligg leikeplassen, masse forskjellig utstyr og leiker for barn, leikehytte, gapahuk og grillplass! Perfekt for å ta middagen sin der når barna leiker.

Kjem ein på besøk til Askrova kan ein leige både Kajakk(2stk) og Sykklar (4stk), slik at ein enkelt kan ta seg rundt på Øya. Syklar du til endes kjem ein til Vakre Valvik, kor det ligg ei fin sandstand som er perfekt for både store og små, eventuelt du syklar til Hammarseth som ligg fint vendt mot nord! Her finn du enorme mengder ramslauk om du ønsker matauk på din tur. Er det ikkje strand som fristar men fjell, er det en gåtur på rundt ein time for å komme til Draumeplassen på Askrova frå Vallestad. Går du frå støylen og opp brukar du 25min – i bratt terreng. Her ligg Ørnereiret kor ein kan grille pølser og låne forskningsutstyr til barna, Ørnereiret er også utrusta for enkel overnatting for 4stk, kikkert, førstehjelpsutstyr og Solcelle panel, lys, radio og batterilading for smart utstyr. Ved Ørnereiret er det også laga ein utedo som står ferdig i slutten av JUNI.  I tillegg er det utlån av 4 fiskestenger, for å kunne ta seg ein fisketur i Hammarsetvatnet rett nedafor draumeplassen, eller Valvikvatnet om en ønsker en litt lenger gåtur. For å optimalisere panoramautsikten kan ein bevege seg til skaratoppens som er Askrovas høgaste punkt på 219moh. Og ser ein ekstra godt etter kan ein kanskje sjå Shetlandderfra? For å gjere turen ekstra spennande kan ein laste ned appen geocaching – som er kanskje «verdens største skattejakt». Ørnereiret og Øykjeskjærsholten er dessutan med i Trimpoeng til Florø Turlag, så her er letttjente poeng J

Skulle det være ein styggvær dag kan ein låne Grendehuset, kode til døra får ein av Bygdelaget. Grendehuset har klatrevegg med klatreseler for barn og voksne, fotball, innebandy, badmington og for dei ekstra sporty fins der ulike vekter til styrketrening. Bygdelaget har lenge jobbar for at grendehuset skal være folkets hus, så vi blir utrulig glade viss folk vil bruke det! Det er også kokemuligheter i grendahusetom du trenger dette.  

På Askrova har vi noko utrolig spannande; Trollhola! Dette er ei underjordisk hole som en kryp inn i. Der åpner seg en stor katedral når en kjem inn og en finn gamle leirplasser inne og utvending langs grotta. Inne i grotta kan en følge ganger gjennom fjellet og inn i andre små rom. Veldig kjekk utforskningstur, en treng lommelykt og gode sko inne i grotta.

Askrova Bygdelag har to arrangement planlagt i sommar2021. Først gjentar vi suksessen frå i fjor, med familiedag på fjellet. Dette er eit gratis lavterskel tilbod for barn og unge, med mat, konkurranser, fiske, leik og teater. Vi gledar oss. 

Vi har også ein årlig konsert ved ein plass vi kallar "under hillaren". Dette er en konsert som føregår ute, under eit fjelloverheng. Vi sammarbeider godt med Folkeakademiet Sogn og Fjordane og Svanøy Folkeakademi for endelig plan her :) 

Kontaktpersoner på Askrova;

Bygdelagsleiar – Siri Sunde 41635947

Butikk – Magne Svardahl 97141779

Alt mulig potet – Terje Svardahl 96627989

Draumeplassen utvida seg :)

Draumeplassen på Askrova er stadig i utviding for meir fasiliteter til besøkende. Som tidligare annonsert har SFE sponsert Solsellepanel til oss og vi skal bygge utedo. Solcellepanelet er bestilt hos Solheim Diesel i Florø og leveres/monteres i slutten av mai. Da får vi lys, radio og lademuligheter for smart utstyr. Det blir også tilrettelagt for videre utbygging av dette. Kjekt å ha når en skal overnatte der oppe.

Utedo er bygget i moduler av ein god mixa gjeng, alt frå barnehagebarn, skuleunger, voksne barn og nesten pensjonista har vore med, to hyperaktive kara og Berg Maskin og Transport AS har transportert denne opp på fjellet med traktor. Det som gjenstår nå er litt graving, bore ned og støype nåken søyler og bygge platning denne skal stå på! Så her er mykje god dugnad klar for dei med arbeidslyst! :) Veldig bra at så mange stiller opp å jobber dugnad, men det er plass til flere; så bare gi oss en pip om du vil stille så kaller vi deg inn til dugnad når det trengs! Heilt topp av grunneigar Jan Kåre og Gerd at vi går bruke innmark, skogs og traktorveg på fjellet, samt at Draumeplassen området er satt til dispensasjon fra grunneigar Andrè så vi får realisert draumen vår :)

Ørnereiret kan ein kan grille pølser og låne forskningsutstyr til barna, Ørnereiret er også utrusta for enkel overnatting for 4stk, kikkert, førstehjelpsutstyr og litt anna nips som er greie å ha på fjellet. I tillegg er det utlån av 4stk fiskestenger, for å kunne ta seg ein fisketur i Hammarsetvatnet rett nedafor draumeplassen, eller Valvikvatnet om en ønsker en litt lenger gåtur, hugs å legg desse tilbake på hytta og gi beskjed om det mangler noe eller er ødelagt. For å optimalisere panoramautsikten kan ein bevege seg til skaratoppens som er Askrovas høgaste punkt på 219moh. Og ser ein ekstra godt etter kan ein kanskje sjå Shetland derfra? For å gjere turen ekstra spennande kan ein laste ned appen geocaching – som er kanskje «verdens største skattejakt».

Ørnereiret og Øykjeskjærsholten er dessutan med i Trimpoeng til Florø Turlag, så her er letttjente poeng 